Bjørn og gråbein på Fure
Bjørnehistoriar frå Fure – avisinnlegg, onsdag 12. april 1933
Bjørne historiar frå Fure
Onsdag 12.april 1933
Når vart siste bjørnen jaga bort fra Stadt? Fra stykket les vi:
Sjølv har eg ofte høyrt gamle folk fortelja om å siste bjørnen vart jaga bort fra fjellet mellom Fure og Hoddevik, men har aldri høyt kva ti dette hende. På indre Fure lever det endå ein mann, Peder A. Olsen. Han er no over 80 år, men hugsar sværande godt. Han er vel ein av dei som best kan fortelja om dette.
Fra det eg hugsar att om desse forteljingar vil eg har gjenta to. Og etter mi meining må det ha hendt omkring 1850.
På Indre Fure hadde bjørnen ei natt brote seg inn i gjeitefjøset til Hans Fure som døydde i 1885, og er oldefar til noverande slekt på Fure. Her hadde han drepe to geiter og vombi til desse hadde han teke med seg og lagtdei på to tuver som mjølkarane brukte å setja seg på for å kvila. Kvelden før skulle der ha sote to figte koner som gjekk med barn, og ein trudde dette var grunnen til at bjørnen hadde lagt vombi der. Fjøset står enno og liggom lag 300 meter opp fra huset på Fure i skillet mellom utmark og innmark.
Sidan den dag måtte dei vaka om natta over kyrne i fjellfjøset. På Fure hadde dei ein gammal mann til gjeter som heitte Rasmus Nollen (Nolja-Rasmus). Ein søndag var Hans på besøk i Hoddevik og det leid langt på kveld då han kom syd att til fjellfjøset. Han tenkte då å prøva Rasmusen om han var vaken og om det var mot i han når det røynde. Gjekk så bort til døra og tak til å skrapa litt. Jau, gjeteren høyrde dette og ropa: «Vil du gå ditt styggebeist». Men husbonden gav seg då tilkjenne.
Straks etter gjorde dei manngard og jaga bjørnen bort. Om dette gjekk for seg berre mellom Fure og Hoddevik eller det strekte seg over heile Stadt veit eg ikkje sikkert, men vil anta at ein gjorde manngard over det heile. Mellom Fure og Hoddevik tok dei til å jaga fra Hoddevikneset og austover. Det var folk fra Fure og Drage. I den tid hadde ein ikkje børser i var manns hus; berre få av desse jegarane hadde kulerifler, og andre børser gjekk ikkje an å skyta bjørn. Komen inn på Furestøylen og endå ikkje hadde sett noko til bamsen, so trudde dei at han ikkje fanst der på fjellet. Hans Fure gjekk då heimatt, men det skulde han ikkje ha gjort, for dei andre var ikkje vande jegarar, heller ikkje hadde dei brukbare børser. Stordelen av folket drog likevel vidare for å vera heilt sikker på at han ikkje var der på fjellet. Då dei kom inn på heia som ligg mellom Fure og Drage, var ein var honom ned under ein hamar eit stykke nedanfor fjellbrui mot syd. – Bjørnen hadde skyna at ein var etter honom og tok til å springa mot Geitenesviki. Då ingen hadde brukbar børse, våga dei ikke eå skyta, men ein hadde fått løyst ein svær stein og spurde so dei andre om han skulle la den gå. Dette hefta han så mykje at steinen gjekk ned nokre få tommer attanfor bjørnen. Dei meinte alle at hadde han velt steinen utan å spørje hadde den teke med seg bjørnen ut for stupet. Den hamar der dei fann bjørnen heiter endå Bjørnehamaren.
Ned i Geitenesvika var der to mann fra Drage. Då dei såg bjørnen koma imot seg trudde dei at han ville ta dei og la til sprangs for same bjørnen skulle ha teke på ein mann ut i Ervikkupen og bite hol i buksa hans. Ikkje rettere enn eg hugsar so skulle det dere Even Drage. Dragarane ropa alt dei klara og bjørnen tok då kurs inn og opp Geitenesberg og forsvant oppe i brui. Same dag skulle noken ha sett den dra over Dragseidet, og gjekk gjorde han som nokon skulle Vera i hælane på honom. På Fure miste dei også eit føl på den tid, kanskje noko tidligare. Det var far til ovennevnte Hans som då sat med garden, som då bestod av heile Indre Fure. Han heitte Kristoffer og tok livet av mang ein gråbein og gaupe. Merra hans kom heim ein dag utan føl, han tenkte då det var vel gråbeinen som var komen att. Ladde difor flintebørsa og gjekk til fjells. Komen so langt ut at han fekk utsyn over Stavsdalen, vart han var ein gråbein som stod og åt på føler bort på ei vid myr. Det var vanskeleg å koma han so nær at han kunne ha vom om å treffa. Han la seg difor på flat og kraup langs marka. Lenger ute stod ein stein og bort til denne kom han seg utan at gråbeinen vart honom var. Lenger kunne han ikkje koma seg, men endå syntes han at det var for langt skotthold. Likevel freista han og tok sikte på det høgste av gråbeinen, for han rekna med at kula ville senka på so lang avstand. Men kula senka ikkje og gråbeinen datt ned bak treft i krossryggen. Det var ikkje snart gjort å landa munnladningsgeværet. For at ikkje gråbeinen skulle ha sjans å koma seg bort, så sprang han til og drog til honom med geværkolben. Men korleis han enn snudde og dreidde børsa så tok gråbeinen av slaget med kjeften. Han ladda difor på nytt og ga honom ein skot gjennom hovudet, og då spente det ikkje meir i gråbeinen.
Les artikkelen her







