Husa og folket
Klyngetunet
Indre Fure har ei dokumentert historie like attende til 1300-talet. Husa i klyngetunet har alle sine særpreg.
© Tove Iren Fure«Med blondegardiner i vindua, og gamle nydelige rosesortar som klamrar seg fast til grunnmurar og huskledning. På kvart eit hjørne finn du velstelte bed, og revebjeller og kusymrar som blømer på dei utruligaste stader. Dei god-duftande erteblomstrane som kveiler seg oppmed espaliera.»
© Tove Iren FureI vegkanten klorar humla seg fast i fjæresteinane.
© Tove Iren FureOg borte ved Hamrane står steingarden og vernar om eplehagen, der ein Furar i gamal tid dyrka fram dei prisbelønna Alexander-epla.
Nokre av husa her har ei malmplate ovanfor døra, med inskripsjonen Benedicat nobis pater filius spiritus sanctus – som tyder «velsign oss, Fader, Son og Heilag ande».
© Tove Iren FureGlimt frå tunet
Staden
Ytst mot havet
Indre Fure er eit gardstun i Selje, ytst ved Sogn og Fjordane si gamle fylkesgrense mot Møre og Romsdal. På kartet finn du Stadt som ein knytteneve mot havet – og det er i dette stormlandet du finn Indre Fure.
Mellom husa og havet ligg det ein molo og eit langt belte av store steinar. Når det er uver, kan ein høyre rumlinga frå denne store «steinrøysa» i stranda – og havbårene slår tett opp til stovedørene når det bles som verst.
Tunet
Eit av dei siste klyngetuna
Tunet har ei historie attende til 1300-talet, og er eit av dei siste klyngetuna her i landet. Husa står i ei klynge slik dei første gardane stod i gamle dagar – det einaste tunet på Stadlandet som står att slik det var før.
Høgskulen i Sogn og Fjordane har samarbeidd med Arkitekthøgskolen i Oslo og Institutt for bygningshistorie ved NTNU om å lage planmodellar for bustadbygging, og dei har brukt det vestnorske klyngetunet og Indre Fure som modell.
Ståande i tunet
Informasjonstavla
«Slik måtte dei drive sjøen for livberging i all slags ver, sommar og vinter, i stilla og storm.»
Frå informasjonstavla på Indre Fure
© Tove Iren Fure«Fure»
Fure er inndelt i to gardar, Indre Fure som ein her ser, og Ytre Fure som ligg ein times gangveg vestover. Indre Fure er nemnt første gong i skrivne kjelder kring 1300–1350-talet, og tunet står i ei klynge slik dei første gardane stod i gamle dagar.
Det vert fortalt at dei første som busette seg på Fure, var dreng hos presten og bygsla garden for 2 torskar i leige. Brukarane levde hovudsakleg av jordbruk og fiske. Då jordbruket gav lita innkome, vart fisket hovudnæringa – laks og hummar gav god inntekt. Etter kvart vart det stasjonert mange husmenn og legdemenn med familie; dei var mannskap i båtane til brukarane. Dei reiste til Bergen for å byte fangsten i varer og kontantar.
Slik måtte dei drive sjøen for livberging i all slags ver, sommar og vinter, i stilla og storm. Det vart mang ei uroleg tid for kvinnene som speida utover havet og venta på menn og søner. Ikkje alltid kom dei til lands, og havet vart deira våte grav. Ei slik hending høyrer vi om i 1713, då 4–5 mann omkom. Etter dette vart det fortalt at det ikkje var ein mann att på Fure.
Fure er om lag den einaste plassen i området der dei har kunna dyrke frukttre. Brukarane på Indre Fure har tidlegare fått premie for Alexandria-epla som vart dyrka her. Furestaven ytst på Ytre Fure er ein av dei to plassane i Selje der ein har funne kleberstein, med merke frå gamalt etter uttak til steingryter.
© Tove Iren FureVi ber om at det vert teke spesielt omsyn til dei fastbuande på Indre Fure, og verna om eigedomen deira.
© Tove Iren FureFrå gamle kjelder
Namnet og garden
Namnet har opphavet sitt i trenamnet furu, meiner ein – truleg etter eit einskilt furetre så sermerkt at bustaden fekk namn etter det. I 1306–50 er namnet skrive «i Furum», i 1520-åra «på Fwræ», i 1585 Furre og på 1600-talet Fure eller Furre. Frå 1563 er det skilt mellom Ytre og Indre Fure.
Indre Fure var frå 1600 eitt bruk, og frå 1650 to jamstore bruk. Garden vart løyst i 1849 av brukaren Ola Kristofferson, som året etter selde halvparten til bror sin, Hans. Same året vart garden bytt i teigar mellom dei.
© Tove Iren FureFrå gamle kjelder
Uver og velstand
Det hende at ein ikkje kom ut på sjøen på lang tid grunna ver, og hardveret gjorde stor skade både på gard og båtar. I 1864 tok sjøburden nausta der dei hadde fiskeutstyr og båtar – det vart så gale at dei måtte låne salt. I 1901 gjekk sjøburden fram i nausta att.
På Indre Fure hadde dei ei «ond landing», for det fanst ikkje livd mot sør- og vestburden. Men her kunne ein likevel lage skikkelege båtstøder med lunnar og vorrar og trygge naustetufter. Trass i harde og farefulle levekår levde det særs vyrde folk her, og velstanden var jamleg god. Dei tente på fiske og losing.
Tolka etter Jakob Aaland, «Nordfjord – frå gamle dagar til no», II, 5. Selje (1943).
Segner
Treskjeraren frå Fure
Oppe i bergsida ovanfor tunet er ei bergskår med jamflatt lende. Her har dei funne tufter etter i alt tre hus – den største 12 × 4 meter og delt i fleire rom.
Sonen til Abraham, brukar på Indre Fure i 1630-åra, hadde ein son som skulle studere, men gjekk i snekkarlære i staden. Han vart ein dugande snekkar og treskjerar, og skar ut eit bilete av David som spelar harpe på eit halvrundt brett av eik, større enn ein tønnebotn. Han skar òg fleire innskrifter på skilt over husdører. Etter segna drog han til Nordland og vart ihelstukken der.